Dy, ta va godt!
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Det var tydeleg at dei sette stor pris på friheita og alle saman tok både ein og to rundar før dei velde å roe ned og nyte sol og grøne ekrer.
-Kjem eg på todalen.no no?
Ola og bondelaget hadde også traktering til dei besøkjande. Olaug Kvendset og Fredrik Sogge delte ut smaksprøvar påTine-produkt til både vaksne og born.
Fredrik hadde gledd seg heile veka på å få lov å hjelpe til, og fekk unna smaksprøvane som Olaug hadde med.
Kyrne kosa seg ute i fri, og ensa nesten ikkje at Ola prøvde seg på ei oppstilling til fotografen.
Attom stuehusa i Viastua var tiksene med lamma sine. Nokon måtte få litt spesialforpleining da mor hadde jurbetennelse. Kårkall Gudmund hadde full kontroll på korleis lam dette gjaldt, og det hadde for så vidt lamma også…