Dugnadsgjengen på Bordholmen er komne i innspurtsfasen, og etter kvart blir nok alt klart til Todalsdagen før dei tek kveld. Det er montert telt og plassert ut bord og storgrillen er komen på plass og klargjort for storproduksjon av kotelettar, hamburarar, vårrullar og laksekotelettar. Klargjering av maten var ein anna dugnadsgjeng i arbeid med i Ungdomshuset.
I reiskapshuset var det klargjering til loppemarknaden, og det er kome inn massevis av fine lopper – som blir bydd fram når dei opnar kl 10.00 på laurdag. Magne hansen var på plass med klokka si, og tok ein gjennomgang på kampoppsetta, saman med fotballgjengen. For han blir det nok ein programmeringsjobb utover kvelden ei stund – man vi reknar med at han har kontroll på alle kampstartar og pausar på dei 5 banane når starten går for fotballen.
Velkomen til Todalsdagen 2015!
Det var dugnad på mange frontar fredag kveld – nedafor finn du nokre bildeglimt. Alle foto: Jon Olav Ørsal