Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnadshelg på KNT Todalshytta

Dugnadshelg på KNT Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2011

I helga var det dugnadshelg på Todalshytta, der naudsynt vedlikehald og småreparasjonar vart gjort unna i ein fei. Det var ein habil dugnadsgjeng som var i aksjon da Todalen.no stakk innom for å ta nokre bilder. Dugnadssjef var Eirik Gudmundsen, og han hadde fordelt mange slags jobbar alt etter lyst og kompetanse. Nokre dreiv med beising, andre med snekkering og ein gjeng reiv det gamle uthuset og attar andre dreiv med felling av trær.  Og sjølvsagt var det folk på kjøkkenet som hadde ansvaret for at dugnadsgjengen fekk mat til å halde hjula i gang.

Kvart år er det sett av ei helg for å ta etter naudsynt vedlikehald på hytta. På loftet var det ein gjeng som dreiv med utskifting av golvet i gangen, og i peisestua var det teke opp nokre fjøler av golvet for inspeksjon av golvåsane. Etterpå var golvet pussa og klargjort for lakkering.

Laurdagskvelden skulle heile dugnadsgjengen samlast til middag, og kjøkkenmannskapet Astrid Teilgård og Ole Christensen serverte da oksesteik med kålstuing  og gulrot. Til dessert skulle det bli  «lune pærer» med is og krem.

Her finn du eit bildegalleri frå dugnadsarbeidet på Todalshytta.             Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. november 2011, 21:00 - Sist oppdatert: 21. november 2011, 09:06