Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnadsgjengen trossa regnvêret

Jon Olav Ørsal Måndag 28. april 2014

Måndag kveld var det kyrkjegardsdugnad, med rydding av rusk og rask og lauvraking etter ein lang vinter. Eit par team dreiv også med oppretting av minnestøtter som telen hadde herja med i vinter. Til tross for at vêrgudane varta opp med surt regnvêr var det mange frammøtte og god stemning blant dugnadsgjenen.

Dugnad3_0671

Denne gjengen dreiv med oppretting av støtter som hadde fått «telehiv». Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt vart det ekstra godt å kome inn i kyrkja for å få dugnadskaffe mellom øktene på ein slik kveld. I løpet av kvelden vart dugnadsarbeidet ferdigstillt, og kyrkjegarden er nå i topptrim til konfirmasjonen ved todalen kyrkje søndag 4. mai.

Dugnad5_0674

Ottar Halle hadde trilla full med rusk og rask som skulle kjørast vekk. Foto: Jon Olav Ørsal

Dugnad_Ildri_0666

Dugnadssjefen sjølv, Ildri S. Øyen dreiv med rensking i hellegangen som hadde grodd igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. april 2014, 20:24