I haust har det vore Forsamlingshuset på Nordvik vore stengt på grunn av oppussing av kjøkkenet. Nordvik grendalag, som er huseigar, har lenge jobba med planar for ei oppgradering – sågar har det vore nemnt at det kunne ha vore like lurt å bygge nytt. I sommar kom arbeidet i gang, og da var det i første omgang kjøkkenet som skulle få ein omgang, og etter plana skulle det meste av arbeidet gjerast på dugnad, unnateke rørleggar og elektrikararbeidet.
Heile kjøkken prosjektet har styret kostnadsrekna til rundt 600.000. Her har dei søkt og fått tilsagn på 75.000 frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, og i tillegg er den lokale Spleisen komen på 30.000 av målet som er 50.000, og så er det sett av oppsparte midlar frå arrangement i grendalaget. Største posten blir kanskje dugnadsinnsatsen, dersom den blir kapitalisert. Spleisen pågår enno, så det er berre å følge linken så kan du bli med og støtte.
Fay Johansen Mossing og Tonje Kristin Vikan fortel at prosjektet sikra seg fint bruka kjøkkeninnreiing da gamle Øye skule vart rive. – Vi har sansen for litt gjenbruk der det går an, og vi har nok spart ein god del på det. Dei fortel også at det er lagt inn nytt strøminntak og ny sikringsskåp, som er dimensjonert for framtida. Torsdag kveld var det målararbeid som gjekk føre seg, og da skulle kjøkkenet få det første dekkstrøket etter at grunning var påført for eit par dagar sia.