Måndag 6. mai kl. 17.30 blir det dugnad på kyrkjegarden. Det blir rydding, raking og oppretting av gravstøtter, fortel soknerådet som står som arrangør av dugnaden. Ta med høveleg reiskap – soknerådet sørgjer for dugnadskaffe. Under dugnaden vil sokneråde orientere om aktuell omdisponering av bårehuset til reiskapshus.
På grunn av at det i år blir kjøpt inn ny plenklyppar med tilhøyrande snøfres, har det dukka opp behov for garasje. – Bårehuset har ikkje fasilitetar til å fylle krava som godkjent bårehus (kjøling, vask bl.a.). Det er derfor aktuelt å ta i bruk dette rommet som garasje. Eit anna alternativ er å byggje på ein carport i samband med uthuset.
Soknerådet og kyrkjekontoret ynskjer å høyre meiningane til kyrkjelyden om dette, og vi vil derfor ta opp denne saka på dugnaden.