Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på stien til Åsbøsnyta

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mai 2021

Trimgruppa i I.L. Søya i samarbeid med Nordvik Grendalag inviterer tysdag 25. mai til dugnad på stien opp til Åsbøsnyta.  Dugnadsarbeidet startar kl 18:00.  Det trengs å drenere bort vatn og legge ut plank på våte myrparti, melder Nordvik Grendalag som håpar på bra deltaking både frå medlemane i I.L. Søya og frå Nordvikgardaingane.

Første dugnadskvelden blir altså tysdag 25. mai frå kl 18, med oppmøte på P-plassen i enden av skogsvegen.  Ta med spade og høveleg utstyr for gravisng av enkle grøfter langs stien.  

 

Publisert: 20. mai 2021, 09:36