Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på løpebanen

Elinor Bolme Sundag 7. juli 2019

Tirsdagkveld inviterer Ski- og friidrettsgruppa til dugnad på Bordholmen. Denne gongen er det løpebanen som står for tur og treng ei oppgradering. Sist veke har banen vorte horva opp for å få bukt med graset som sakte men sikkert har teke over i løpefeltet. All denne torva lyt no rakast opp slik at baben blir ugrasfri igjen og klar for nye rekordar.

Arrangørane håpar derfor på godt oppmøte tirsdag kveld klokka 18. Ta med jernriver og kom, er beskjeden frå leiar Gunar Nordvik i Ski- og friidrettsgruppa. -Vi har denne sesongen fått ein fin oppsving på friidrettskveldane våre, fortel han. Særleg kjekt at nordvikgardingane har teke turen innover dei siste gongane, og dei er naturleg vis velkomne på dugnad også oppfordrar han.

Nokon har allerede vore på inspeksjon for å sjå kva som har foregått på banen. Når all torva er fjerna skal banen sloddas og rullas fortel Gunnar Nordvik.

Er det noj´kon som ikkje har anledning til å komme, men vil bidra likevel? Mannskapet skal ha dugnadsmat, og arrangørane tek gjere mot eit par-tre bidrag her. Ta kontakt med Gunnar på telefon 992 50 450 og meld deg.

 

 

Først publisert: 7. juli 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 6. juli 2019, 17:43