Kyrkjegarden har i sommar vore slått på dugnad. Dette har stort sett vore organisert av Ragnar Halle og Eivind Grønmyr. Førstkommende torsdag kl 18 skal dei til med ei ny økt, og treng hjelp til å slå heilt inntil gravstøttene og rundt kyrkjegardsmuren.
-Vi håper derfor at fleire har anledning til å hjelpe oss med dette, fortel Ragnar. -Ta med kantklippar og kom oppfordrar han. Og skulle det være nokon som har lyst til å komme med dugnadskaffe til gjengen er jo det hyggelig, avsluttar han.