Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. Alle som ønskjer å delta er hjarteleg velkomne, og i tillegg stiller kyrkjetenar og folk frå soknerådet. Det blir sjølvsagt dugnadskaffe! her finn du plakaten som PDF.