Fleire har kanskje oppdaga at det har vore gravearbeid i nedre del av turstien. Grunneigar Ola Kvendset har den siste veka teke bort matjord og lagt på grus på deler av stien der han eig. Her er ikkje grusen planert enno, og derfor trengs ein liten dugnad til å planere utover før frosten gjer sitt inntog.
Har du lyst til å bidra med ein times arbeid møter du opp ved trafoen klokka 17 i morgon torsdag. Ta med jarnrive og/eller krafse.