Søndag var det klart for nok ein dugnad på Todalen Idrettslag sitt idrettsanlegg på Bordholmen stadion. Idag var det modifisering av nærmiljøanlegget og klipping av fotballbanen som stod på programmet. Ti personar møtte opp denne gongen også, og på rundt tre timar var alt planlagt arbeid unnagjort!
Byggekomiteen på for det nye nærmiljøanlegget på Bordholmen har slitt litt med for god drenering i grusen, som gjer at det er litt tidkrevende å legge is på anlegget om vinteren. Ein type landbruksplast fra Felleskjøpet vart difor kjøpt inn for å sjå om det vil lette jobben, utan at anlegget blir stående under vatn i sommerhalvåret.
Difor vart vantet og plastdekket demontert, vanntett duk lagt på og strekt ut, før plastdekket og vantet vart remontert igjen. Bas Knut Jarle smilte frå øyre til øyre da regnet sette inn, og han nøgd kunne konstatere at alt var ferdig montert! – Jeg liker det går unna!, sa han. – Vi bestemte jo tross alt at vi skulle gjøre dette på onsdag, la han til.
På dugnaden sist onsdag var det for vått til å slå banen med plentraktorane, så i dag fyrte Markus opp ATV-en og kantklipparen som blir bruka til å slå kantane og graset i Toåa tursti og slo heile fotballbanen på rundt ein time. Behovet for slått var stort, ettersom ingen av plentraktorene er i full drift enda.
Dugnaden med alt arbeid var unnagjort på i underkant av tre timar. Til slutt var det dugnadskaffe til dei ti deltakarane på dugnaden.