Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på badeplassen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. juni 2020

Måndag var det klargjering av badeplassen i Sissigrenda. Styret i Todalen Grendalag forsterka av Sindre Bruset slo graset der Båtforeninga ikkje kjem til med kløpparen sin. Graset vart raka saman og køyrt vekk. Badeplassen er ein populær stad, så det viktig at badeplassen er presentabel. Difor vil vi oppfordre alle som har båthengarane sine ståande i og ved skogen ovanfor badeplassen om å hente desse så raskt som mogleg.

 

Det er sett ut to sittebenkar med bord, og det vil snart kome to til. Søppeldunkar for restavfall og eingongsgrillar er og på plass. Om det blir toalett eller ikkje i år har vi enno ikkje teke stilling til, men dette blir vurdert etter kvart. Her må vi eventuelt tilpasse oss dei smittevernreglane som gjeld i samband med Koronasituasjonen. Meir informasjon om dette kjem etter kvart.

Men for den som føler for å ta ein «dukkert» i finveret er det berre å hoppe uti!

Publisert: 16. juni 2020, 06:27