Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad og klargjering til sesongstart

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2022

Tysdag kveld var det dugnad og klargjering for laksefisket i Toåa.  Laksefisket startar først 15. juni, dugnadsgjengen jobba med å få alle skilta på plass ved elva, og på strekninga Meet til Nedre Oddøyhølen er skilting og rydding prega av «Gyda» som laga 10-årsflaum i Toåa.  

Dugnadsgejngen kunne fortelje at salet av fiskekort alt er i gang, og  Todalen Elveeigarlag er no inne i site år av prøveperioden med valdsamarbeid , der det er tilrettelagt for utleie  til ulike segment av laksefiskarar. 

Dette kan du lese meir om på  www.elveguiden.no  og på www.Lakseelver.no

Rydda etter «gydas» herjing i Gunnøya og i Slåttøya. Frå venstre Stig Husby, Gudmund Hyldbakk, Anton Brusethaug og Tove Brøndbo. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. mai 2022, 20:03