I dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre.
Men før dette arbeidet kan ta til, måtte kantane slåast og litt kratt ryddast langs den populære turstien til Todalen Idrettslag.
Det var bra oppmøte på dugnaden, så arbeidet var unnagjort på rundt to timar.
Etterpå var det kaffe og sosialt samvær ved gapahuken i Båthølen, der det vart servert bålkaffe og bakst.
Todalen er heldige som har ein så fin og godt vedlikehalden tursti, som er til glede for mange både i og utanfor bygda!