Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti onsdag 6. april klokka 17:00. Det er behov for å gruse opp deler av turstitraseen, som har fått litt medfart i løpet av vinteren, og det må sagast ned nokre tre langs traseen. Så ta med høveleg utstyr til slikt arbeid og bli med på dugnad!
Anna forefallande arbeid i og ved turstitraseen vil også bli gjennomført i løpet av dugnaden.
Dugnadsgjengen tek atterhald om at turstien må vere snøfri og at vêret ikkje er for dårleg. Nærare informasjon om dugnaden kjem tysdag ettermiddag, så følg med!