Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i regnet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juli 2025

Vêrgudane var rett og slett i dårleg humør og varta opp med den eine regnelingen verre enn den andre, da Bordholmen stadion skulle gjerast klar til den den 32 Todalsdagen på laurdag. Men eit lite tjuetals personar trossa vêret og vêrgudane og møtte opp på dugnaden, slik at anlegget kunne gjerast klart til laurdag. 

 

Men sjølv om det var vått, så vart det likevel litt slått rundt om på anlegget, slik at anlegget no er presentabelt til laurdag. Teltet vart også sett opp, men det håper ein må brukast for å kunne setje seg i skuggen på laurdag, og ikkje for å unngå å bli våt i håret! Så da er alt i rute til laurdag. 

Vått å vere slåttakar! Foto: B G Ansnes

Første kampane i TodalsCupen tek til klokka 10:45 på laurdag, og rundt klokka 12:00 er det Miniræta og «Ræta Opp!». Kampoppsett TodalsCupen 2025

Fredag er siste dag med førehandssal i Økonomigruppa sitt Sommarlotteri, og Økonomigruppa vil ha stand på Matkroken Todalen klokka 10:00 – 12:00 på fredag, og elles er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 fram til midnatt fredag. 

Vått da teltet vart sett opp! Foto: B G Ansnes

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen til Todalsdagen laurdag!

 

Publisert: 3. juli 2025, 20:02