Tirsdag kveld inviterer Toåa Tursti til dugnad i området bak gapahuken i Gunnøya. Her skal det ryddast daudt trevirke rundt om, hoggast litt i stitrasséen og ikkje minst ryddast ein del søppel som ligg og sleng i området. Trevirket skal samlast saman til stort sankthansbål som skal tennast søndag 23. juni i forbindelse med sosialt arrangement i området.
Alt søppelet blir samla i regi Start 4H, som er med i ryddeaksjonen til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som heiter Stikk UT og plukk! der dei får 100 kroner per innlevert søppelsekk som dei fyller opp. Dei kjem derfor mannsterke denne kvelden og blir med på dugnaden!
Første dugnad blir derfor tirsdag 30. april kl 18 ved Gapahuken i Gunnøya. Ser ein at det blir behov for fleire kveldar, så tek vi det veka etter fortel Carsten Bohle i turstigruppa.
Det trengs derfor mannskap i ulike kategoriar:
- Motorsagførarar (ta med sag og verneutstyr)
- Søppelplukkarar (ta med hanskar sjølv- sekkar blir utdelt)
- Kvist- og treberarar
- Kaffematlagarar (ta kontakt med Elinor på 90196268 om du vil bidra her)
Er det nokon som er interessert i strangar med ved så møt opp så skal det bli mulegheit for å få med seg det også.