Måndag 10.mai klokka 18:00 blir det arrangert dugnad i Toåa tursti ved Båthølen. Per E. Gjeldnes Maskin har levert eit gruslass som mellom anna skal brukast for å betre tilkomsten til platten for rullestolbrukarar. Resten av gruslasset skal brukast på forskjellege områder rundt gapahuken i Båthølen. Det skal og takast ned nokre tre langs turstitraseen.
Det er difor behov for 3-4 personar med trillebårer, spadar, krafser og jarnriver for å få gruslasset flytta til rett plass og til planering.
Det trengs og folk for å ta ned nokre tre langs turstien. Dei som heller føler seg kalla til hogstarbeid, må ta med egna utstyr for hogst.
Per E. Gjeldnes Maskin starta tysdag arbeidet med å oppgradere siste parsell i turstien. Dette arbeidet er venta å vere ferdig rett etter helga.