Den 11. juni klarte ikkje Bøfjord å stille lag i ein 6.-divisjonskap mot Smøla, og det vart dei straffa for. Fotballforbundet staffa Bøfjord med ei bot på kr 6000 for det – søndag jobba dei inn bota med å montere fjøsinnreiing hos Olav Halle i Austistua.
Det høyrer med til historia at henrik Blekken er formann hos Consto Surnadal, som i sommar har bygd nytt fjøs for Olav Halle. Da han fekk høyre historia til Henrik om strafferaksjonen frå fotballforbundet tilbydde Olav å betale bota dersom fotballlaget monterte fjøsinnreiinga – og dermed vart det ein avtale.
Søndag morgon stillte Bøfjord IL fullst lag, og i 8-tida var dei i gang med montering, under leieing av Henrik Blekken. Da vi var innom på utpå føremiddagen, låg dei godt an med monteringsjobben, – og det såg ut til å være ein iherdig og profesjonell dugnadgjeng som fikk unna seg arbeidet i ein fei. Og sjølvsagt måtte vi ta eit lagbilete da – det får representere det lagbiletet dei gikk glipp av på smølakampen i juni. Det høyrer vel også med til historia at dei for ei veke sida hadde returkamp mot Smøla heime på Leikarvollen, og slo da Smøla 3-1 !