Det var folk på nærast alle benkerader i kyrkja da koret Prosjekt 17 inviterte til kyrkjesongkveld. Og jammen vart det song – både korsong og allsong og det var ein fryd for øret både for dei som song og for oss som berre høyrde på – songen fylte rett og slett kyrkja.
Det var P17-korets leiar og dirigent Bernt Bøe som var både musikalsk leiar, dirigent, inspirator og pianist. Kunnskapsrik som han er, så krydra han omtalen av songane med små livaktige historier som var med og framheva korsongen.
I løpet av ein stor time kom vi gjennom 18 nummer i programmet, og det var korsong og allsong i alle variasjonar – både folketonar frå Brasil og tango frå Uruguay. Men det meste var basert på tekster og tonar frå songboka som Bernt nærast lovprisa.
Songkvelden vart runda av med siste songen som står i songboka – nr 899 «Jeg tror på jordens forvandling» som vart songe ståande.
Sokneprest Pål Arne Winsnes leia eit kort liturgisk innslag i programmet og det vart samtidig mint på om at kveldsgudstenesta 8. oktober er avlyst, så neste gudsteneste i Todalen blir 3. november kl 11 (Allehelgensgudsteneste).
Den som vil bidra med kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid kan framleis gjere det på vipps nr 506908.