Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du verden for ein gjeng!

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems tok nærast todalingane med storm på avslutningskonserten på Todalshytta søndag ettermidddag. Verten på Todalshytta, Eric Malling, kunne ønske eit hundretals publikum velkomne til sesongens siste konsert søndag ettermiddag. Etter konserten skjønner vi kvifor todalingane prioriterte konserten med denne gjengen framfor Trollheimsmarsjen – og vergudane spela på lag denne gongen også.

NooraNoor_2676

Noora Noor – eit fyrverkeri på scena! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det har vore litt av ein kultursommar på Todalshytta denne sommaren.  Det starta med låtskrivarseminar i månadsskiftet mai/juni og felleskonsert med heile låtskrivargjengen på gammelfabrikken –  Raus 2015. I fortsettinga var det konsert med Terje Nordgarden, og deretter var det Knut Reiersrud sin tur i juli og no ved sesongslutt altså Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems.

Til søndagens konsert kom gjengen direkte frå premiere på Hell i Stjørdal laurdag kveld til Todalshytta for å halde konsert. Og du verden for ein konsert, med Bekken og Gjems som er i norgeseliten på henholdsvis piano og munnspel – og Noora som det reinaste fyrverkeriet på scena på bakken framfor Todalshytta. Det vart litt tilmålt tid for konserten, for dei skulle rekke flyet til Oslo, så det vart ikkje tid til meir enn eit ekstranummer. For det stod ikkje på respons frå publikum, og faktisk så trur eg at dei gjerne kunne tenkt seg å fortsette. Men dei skulle vidare til konsertar i Kongsvinger og oslo før dei avslutta denne miniturneen som er den første dei kjører i lag alle tre.

Eric Malling takka publikum og lova at det skulle bli meir kultur neste år – det planlegges låtskrivarverkstad neste år også, så vi kan berre gle oss på Raus 2016, og no som vi har tid til å planlegge har vi mykje å velge i til neste sesong. Vi har alt bergynt å gle oss til neste kultursesong.

NooraNoor_RichardGjems_2640

Noora Noor og Richard Gjems. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

DrBekken_2637

Dr. Bekken – Tor Ivar Bekken på piano. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

EricM_konsert_2652

Sjefen sjølv var godt nøgd med underhaldninga og publikumsoppslutninga. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

EricMalling_MagiskTelt_2711

Takk til dere alle som kom på konsertane i sommar – og takk for i år, sa Eric Malling. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Først publisert: 6. september 2015, 21:21 - Sist oppdatert: 7. september 2015, 09:12