Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du verden, Dr Bekken!

Jon Olav Ørsal Måndag 1. september 2014

Dr. Bekken, eller Tor Einar Bekken, tok nærast todalingane med storm da han heldt konsert og sesongavslutning på Todalshytta søndag kveld. Og publikum var rause med applausen da han briljerte på sitt el-piano med publikum på tunet framfor Todalshytta i halvannen time. Du verden for ei musikkalsk oppleving for oss som fekk høre og sjå Dr bekken i aksjon.

DrBekken_Todalshytta_6288

Publikum var plassert på tunet framfor Todalshytta under konserten med Dr Bekken. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Todalshytta avslutta sesongen søndag kveld, og hadde invitert jazzpianisten og kompisen Tor Einar Bekken til å halde konsert. Eric Malling ga uttrykk for at han og Helene ønskjer å spele på lag med lokale nettverk og la deira nettverk kome todalingane og andre gjestar til gode gjennom slike intimkonsertar og for å kunne by på nye ting på Todalshytta.

Vi skal ikkje gi oss ut på glattisen og anmelde konserten på fagleg grunnlag. Men vi lika det vi høyrde, og er inforstått med at vi må vente til neste sommar for å få meir.

 

 

Først publisert: 1. september 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 31. august 2014, 23:38