Reidar Almås er 82 år og har vore seniorforskar ved NTNU – Institutt for rural- og regionforsking, og er faktisk aktiv på frivillig basis enno. Almås er oppteken av at vi må stå i stormen og være positive, sjølv om vi opplever litt ruskevêr og opprørt hav. Vi opplever da at det er mange negative faktorar som påverkar livet vårt – vi kan i tur og orden nemne klimaendringar, pandemien, energikrise, krigar med fredsforhandlingar og ikkje minst Trumps tolkingar av verda.

Det var mange som kom for å høyre Reidar Almås som kåserte om framtida for bygde-Norge. Foto Jon Olav Ørsal
Almås meiner vi er heldige som har tilhald på landsbygda, for her har vi mange fortrinn i vårt tilvære – vi har dugnad og friviljugheit og vi har evne til å samarbeide. Vi har lokal kultur, godt bygdemiljø og naturressursar – det meste som skal til for god opplevingsturisme.

Einar Oterholm er leiar for Indre Nordmøre Senioruniversitet og introduserte Reidar Ålmås for publikum. Foto Jon Olav Ørsal
Dei menneskelege ressursane er ein nøkkelfaktor, og vi må ha trua på det vi held på med og fylle på med visjonar og stoltheit. Det er naudsynt å mobilisere eldsjeler og samtidig på med gode hjelparar og samtidig utfordre det offentlege til å være med og bidra.
Bygdene må finne sterke og svake sider, og så dra lasset i lag – samarbeide. Kvinner og breiband er like viktige som Golfstraumen, meinte Almås – og understreka kor viktig det er at folk trivest når dei skal bu i bygda. Men som sagt må vi stå i stormen og være positive!
Etter foredraget spanderte Sparebank1 Nordmøre kaffe og boller på heile gjengen.