Ferietida nærmar seg med stormskritt, men du har enno høve til å låne bøker på biblioteket, fortel Karen Johanne Talgø, som er filialbestyrar ved bibliotekfilialen i Todalen. Biblioteket helt til i Todalen oppvekstsenter, og har ope kvar torsdag mellom kl 18.00 og 20.00. Men torsdag 20. juni er siste opningsdag før ho tek ein lang og velfortjent ferie fram til skulestarten til hausten.
Karen Johanne fortel at det er god respons på utlån av bøker, og det er også bra utlån av lydbøker, videoar og litt musikk-CD’ar som biblioteket no kan by på. Sågar er det etterspørsel etter framandspråklege bøker, som ho formidlar lån av hos Deichmanske bibliotek i Oslo. Det er berre å ta kontakt med karen Johanne så får du informasjon om kva som kan lånast og korleis det blir ordna reint praktisk.