Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Drop-in-dåp» i Øye kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. mai 2025
Laurdag 14. juni mellom klokka 13:00 – 15:00 er det tilbod om «Drop-in-dåp» i Øye kyrkje. «Dåpen er en kjærlighetserklæring fra Gud, som alle kan ta i mot, uansett alder», heiter det i invitasjonen frå kyrkja i Surnadal.
 
«Drop-in-dåp» er ein seremoni for den som ikkje er døypt tidligere, og som heilt enkelt ønsker å døype seg.

• Drop-in-dåp er ein dåpsseremoni i Den norske kirke.
• Alle som ikkje er døypt tidligere kan bli døypt.
• Det er gratis å bli døypt, og dåpen gjev medlemskap i Den norske kirke.
• Ein må ha med seg legitimasjon. Barn under 15 år må ha samtykke frå føresatte.
• Ein kan ha med eigne fadderar. Om ikkje så kan kyrkja stille med fadderar.
• Før dåpen er det ein liten dåpssamtale mellom presten og den som skal bli døypt eller foresatt(e).
• Etter dåpen blir det laga dåpsattest til den døypte.
• I seremonien blir det lese frå Bibelen, og ber bøner samman
 
 
Ønsker ein å forhandsreservere tid denne dagen, så ta kontakt med Surnadal kyrkjekontor på telefon 716 57 060  eller e-post post.surnadal@kirken.no
 
 
Publisert: 22. mai 2025, 12:50