Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Drone på ville vegar?

Jon Olav Ørsal Sundag 28. januar 2018

Laurdag kveld foregikk det flyging med drone i Husbygrenda.  Men flygeturen gikk nok ikkje heilt etter plana, for drona hamna i eit tre – og vart hengande der.  Drona kjempa for livet, for motorane gikk og det lyste i drona i fleire timar etter at ho krasjlanda i treet. 

Første gongen drona vart observert i treet var run 20-tida, men det var liv og aktivitet i drona heilt til 23-tida. Etter den tid var det slutt på alt liv – både lys og lyd og batteriet var nok tomt.

Vi kjenner ikkje heilt og fullt regelverket for flyging med drone, men det er iallfall ikkje lov til å fly etter mørkets frambrot. Men så lenge drona ikkje er utstyrt med kamera så blir det pr definisjon eit modellfly, og den kan flygast av alle og det er ikkje krav om merking av drona. Er den utsyr med kamera eller mikrofon så blir det noko heilt anna. Da kjem personvernet inn og det kreves lisens for å fly. 

I alle fall er det krav om at ein skal ha øyekontakt med drona, og uansett er flygaren ansvarleg for skade som oppstår på folk eller ting og dette dekkes ikkje av noko standar hjemforsikring  

Publisert: 28. januar 2018, 13:58