Drømmetur til Bjøråskaret
Påskelaurdag var ein drømmedag i fjellet, og det var mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. John Are Husby tok turen til Bjøråskaret, og har sendt oss nokre bilde frå turen og frå den flotte utsikten frå Bjøråskaret – mot Innerdalsfjella.

Mot Innerdalsfjella, med Innerdalstårnet midt i biletet. Foto: Jon Are Husby
Det var ypperleg skiføre, med rundt 10 cm med nysnø og flott pudderføre til turen nedatt til Innerdalsmerket. Det er enno bra med snø i fjellet og det er slett ikkje forseint å ta ein Bjøråskartur, sjølv om påska går mot slutten.

Trimkassen på Talgø-setra er komen fram frå snøen. Foto: Jon Are Husby

Tristeinan er trafikk-knutepunkt på vegen til Bjøråskaret. Foto: Jon Are Husby

Utsikt frå Tristeinan, mot Midtryggan. Ingen tvil om kvar sporet går vidare…. Foto: Jon Are Husby

Målet er i sikte – her går turen forbi Bjøråskarsvatnet og mot Bjøråskaret. Foto: Jon Are Husby

Målet er nådd – Tårnet og Giklingdalen på sørsida av Innerdalen. foto: Jon Are Husby