Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dro ut i den store verda – lurte oss trill rundt Oppdatert!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mai 2021

Gåseparet som har hekka på taket av våningshuset i Nilsstua på Husby stakk av i dag.  Vi observerte at det kom nye verdsborgarar tilsyne i går, og skjønte at «den store flyttedagen» nærma seg med stormskritt.  Vi observerte iallfall to ungar på taket i går, men mora ruga vidare så det vart nok fleire.  Men på morgonen i dag, pinseaften, lurte dei oss og stakk av medan vi sjølve var i dusjen.

Ved murpipa og luftekanalen på taket av Nilsstua hadde grågåsparet den store oversikten og følte seg trygge for predatorar. Foto: Jon Olav Ørsal

Med overflyging og trompetfanfarer var alt klart til den store avreisa, og i løpet av nokre minutt var  heile familien komne ned i kanalen i Husbyevja – og dermed klare for reisa vidare nedover vassdraget og ut i den store verda. På wikipedia kan vi lese at grågåsa vanlegvis legg 4-6 egg, og at den rugar rundt 28 dagar, og det stemmer nok. Ungane forlet reiret straks, og blir flygedyktige i ein alder av 50-60 dagar.  

Jon Bjarne hadde grågåsparet i augekroken i heile går, men i dag stakk dei av på kort varsel. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi fikk iallfal bilde av paret og dei to førstefødde fredag ettermiddag.  Jon Bjarne Husby har  observert den rugande hogåsa frå soveromsvinduet, og i går alarmerte han at ting var på gang.  men som sagt vart vi lurt trill rundt denne gongen.  Men for 5 år sia klarte vi å forevige avreisa, og du kan lese om «den store avreisedagen» i 2016 ved å klikke på linken.

På veg nedover elva  –  oppdatert:

Det er tydeleg vis «storhavet» som er målet for grågåsa frå Husby.  Ivar Bolme har i føremiddag treft på familien i Båthølen og sikra seg både videoopptak og stillbilder av den lille familien som tydeleg vis består av foreldre og 4 små.  Familien vart filmet i båthølen på tur nedover elva langs Toåa tursti.  

Her blir gåsefamilien filma på tur nedover elva – full innsats både frå liten og stor!  Videofilm: Ivar Bolme

Her passerer «familien på 6» Båthølen i fint driv. Foto Ivar Bolme

Spente foreldre på veg til fjorden med ungeflokken   Foto: Ivar Bolme

 

Publisert: 22. mai 2021, 09:50