Onsdag dro heile 9.-trinnet ved ungdomskulen (SUBUS) til Todalen på telttur. Teltplass fann dei på Bordholmen stadion, der dei også kunne bruke fasilitetar som WC og sosiale rom. På Bordholmen rigga dei til stort grillparty, med grillmat og tilbehør til heile hopen på rundt 60 deltakarar med smått og stort.
Ettermiddagen har vore bruka til både fotball og andre aktivitetar, og sågar litt bading i Toåa som renn forbi Bordholmen. Torsdag er det opplegg med ein tur til Toåa tursti, der det er lagt opp til ymse aktivitetar, slik vi har forstått. Utpå dagen er det heimreise igjen, men nokre av elevane skal prøve seg på kyrkjevegen som går frå Østbødalen over fjellet til Raneskyrkja.
Takk til Fredrik Sogge som har sørga for bilder frå Bordholmen for oss!