Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dreg til Grand Canyon

Dreg til Grand Canyon

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mars 2011

Jan Vidar Øyen går i vinter på Sogndal Folkehøgskule. I heile vinter er det friluftsliv som har vore den viktigaste posten på timeplana, og saman med dei tretti elevane på friluftslina har det vore både teori og praksis meir eller mindre på heltid. Og det passar godt for Jan Vidar, for han likar seg godt ute i naturen heile året. I slutten av månaden setter heile klassen seg på flyet til Arisona i USA. Da er målet sjølvaste Grand Canyon, og 2 veker med klippevandring og rafting i nasjonalparken.

Men før det skal klassen ut på vandring i fjellheimen. Førstkomane tysdag går til Jotunheimen og 4 dagar med hyttevanding som ein forsmak på påskefeien. Og dersom værmeldinga for neste veke slår til, vil det nok bli nokre drømmedagar i fjellet.

På Sogndal Folkehøgskule er det totalt 90 elevar som alle bor på internatet på skulen. Her er det to klassar med tilsaman 30 elevar som har friluftsliv som linjevalg. Elevane på friluftslinja er mykje ute i naturen, men dei har også ein del teori og kjernefag. Dei må også ta sine tørnar med husarbeid og internatvask, men etter middagen i 15-tida, kan dei disponere dagane stor sett slik dei vil. Da blir det mykje trening, film, korøving og ymse fellesaktiviteat.

Jan Vidar trives godt med dette og gler seg no til å koma seg avgårde til Grand Canyon på tur. Kanskje får vi reisebrev og bilde frå turen til USA her på Todalen.no?

Etter at skulen er feridg i mai blir det ein annan dans. Da skal Jan Vidar ut i 2 års læretid som snakkar. Han er nemleg ferdig med den teoretiske delen av tømrarfaget etter 2 år på Surnadal vidaraegåande skule. Kvar det ber da er han usikker på enno, men han håpar det blir plass på ein av dei lokale entreprenørane. men først går turen til USA og Grand Canyon!

Publisert: 13. mars 2011, 20:00