Unni Boksasp trakk full sal i Bondehuset i Stangvik da ho hadde urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved. Det er laga fleire versjonar av musikken til Draumkved, men Unni er første folkemusikaren som har laga ny musikk til dei gamle tekstane, for historia om Olav Aasteson si draumeferd er nemleg den same.
Etter responsen frå publikum å døme, så fall den nye versjonen i smak. Eit lydhørt publikum lika det dei såg og høyrde i Bondehuset tysdag kveld, der Unni tok publikum med storm.
Med spel og song held ho publikum i ande i ein liten time utan pause, og ho sørga sjølv for tonefølgje med både dulcimer, handorgel og zitter under konserten.
Boksasp hadde urpremiere i Seljord i Telemark 6. januar – i kveld var ho altså i Stangvik med konserten – eit samarbeid med Stangvikfestivalen, Stangvik grendelag og Bondehuset.
Stangvik Grendelag er medlem i Todalen.no