I går var det ein stor dag med selebert besøk av både preses, biskop og prost i Todalskyrkja, men for lille Ebba med etternamn Ansnes var nok dagen i dag enda større. Under søndagens gudsteneste vart ho båret til dåpen i kyrkja, og fekk altså namnet Ebba. Søndag var det ordinær gudsteneste i kyrkja, og dåpshandlinga var altså ein del av gudstenesta på same måten som nattverden var det.

Bra besøk i Todalskyrkja – ekstra mange var det nok i dag da det var dåpshandling. Foto Jon Olav Ørsal
Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist og Gudmund Husby gjorde teneste som klokkar/tekstlesar – alle pensjonistar som funger godt som vikarar for jobben i kyrkja. Tema for dagens preken var Kristi forklarelsesdag som er i dag, og Torbjørn ga oss ei grei innføring om korleis denne dagen oppstod og kva betydning den har. Under dagens gudsteneste var årets konfirmantar med og deltok i dagens gudsteneste – mellom anna med lystenning. Dagens takkoffer går til kyrkjelydsarbeidet i Todalen menighet.

I dag var Ebba døpt – her med foreldrene Emil Ansnes og Erika Kårvatn Moen samt faddrar, konfirmantar og sjølvsagt søsken. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt var lille Ebba båret til dåpen i dag, men Torbjørn fortalte at det i år er 30 år sia han døpte mora i Ranes kyrkje. Der fikk ho namnet Erika, med Kårvatn Moen som etternamn. Torbjørn har nok døpt på hundrevis i mellomtida, men det er da artig lell.
Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er 10. mars
Konfirmantane deltok i gudstenesta, men bl.a. lystenning – her er det Sivert Sogge og Selma Skjerve Gjeldnes som hjelper til med lystenning. Foto Jon Olav Ørsal