Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Doblar butikkarealet på Bytås – nyopning i dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2018

På Byggmakker Bytås var det stor festivitas i dag – det siste året har det vore unntakstilstand med sprengning og masseflytting,  bygging av nytt lager og utviding av butikken. Omsetninga har bokstaveleg tala vokse ut av lokale og butikken på 400 m2 står i dag fra med nærare 1000 m2 grunnflate.

Butikken ligg midt i smørauga – i dag har vi hatt mange kundar frå både Kristiansund, Gjemnes og Halsa i tillegg til heimkommunen Halsa, fortel Arvid Ulseth og May Britt Dyrli. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Stor og flott butikk har det vorte – meir enn dobling av butikkarealet som er på nærare 1000 m2. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dei 10-12 tilsette har stått på til alle døgnets tider for å få butikken klar til opninga på torsdag, og vi tykkjer resultatet har vorte veldig bra sjølve.  I dag har vi fått massevis av skryt for frå kundane, som er imponert over den flotte butikken, og vi har feira med både champagne, kaffe og kaker. Ordførar i Tingvoll, Milly Bente Nørsett, klipte snora – eller rettare sagt saga over planken og opna nybutikken.

Den nye butikken ligg midt i smørauga, seier May Britt Dyrli, som er leiar for butikkdivisjonen i Talgøkonsernet. Det er kort veg både til Kristiansund, Gjemnes og Halsa som nærast blir primærmarknad for butikken på same måte som Tingvoll. Vi har hatt mange kundar frå disse tre kommunane i dag, seier Dyrli.

Anne Moen serverte champagne, kaffe og kaker til alle som ville ha. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Ho legg til at dei 12 tilsett på Bytås har fått god hjelp både frå dei andre butikkane i Talgø og frå Talgøkonsernet forøvrig. – Det er veldig fin at vi kan hjelpast åt på denne måten, legg ho til. Dyrli seier at ho reknar med ein fin auke i omsetninga i nybutikken.  Butikken ligg like ved E39 ved Fjordsentret på Aspøya – og det er vel verdt å ta turen innom nybutikken.

Bildeglimt frå opningsdagen – Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. april 2018, 18:35