Jorunn Kårvatn Gulla er slett ikkje den første som har funne sin lykkepose rundt omkring på trimturer og elles. Men Jorunn fann to lykkeposer i dag – den eine var godt kamuflert i lag med farga fjærprakt i fastelavenstreet attmed HalsOil-stasjonen på Kvennset. Den andre posen hang i ei busk på rasteplassen uti Todalsstranda – på vegen inn til Todalen.
Jorunn var på tur innover til Todalen for å lufte labradoren Ajax, med innlagt stopp på rasteplassen uti Stranda. – og der hang lykkeposen med ønske om ein kjempefin dag vidare.
I posen var det oversikt over innhaldet i lykkeposen og ei kort bruksansvisning – som du ser var det litt av kvart i posen! Foto Jon Olav Ørsal