Onsdag kveld var det i Svinviks arboret det skjedde – Jörg Brünke opna fotoutstilling i den gamle billettbua i arboretet – samtidig heldt Jo Sverre Sande konsert i hagen på arboretet. Vi kan vel også legge til at no er blomstringa i hagen på arboretet på sitt prektigaste. Iallfall fekk vi som var der full pott med kultur og trivsel denne kvelden.
Først ute var Jörg Brünke med si fotoutstilling – hans spesiale er makrofotografering av insekt, og tema for utstillinga er det biologiske mangfald. Det er eit tema han tykkjer det er viktig å sette fokus på. Jörg er opprinneleg tyskar, men har budd i Surnadal sia 2011 og er ivrig hobbyfotograf med makrofotografering som spesiale. Viktig å passe på naturen og ha fokus på samspelet der, seier han, og bilda dominerast av sommarfuglar, grashopper og augestikkarar. Dei er verdt eit syn!
Jo Sverre Sande er vi godt kjent med etter fleire konsertar både i arboretet, Todalen og i Surnadal. Jo Sverre begeistra publikum med sin flotte song på dialekt og sitt gode gitarspel. Og hans lune humor på scena trefte publikum heime under konserten i arboretet. Konserten vart da reint så idyllisk mellom alle blomstrande trær og busker rundt arenaen.
Han presenterte både gammalt og nytt, og fortalte an han har planer om ny utgjeving når vi når tak i nyåret. Under konserten i arboretet var det litt regnpjusk innimellom, men jammen klarte ikkje Jo Sverre å spele fram sola før han ga seg – til stor applaus frå publikum.
Har du planer om å ta ein tur til arboretet, så er det rette tidspunktet no. No er rododendronblomstringa på sitt flottaste, og no kjem også andre trær og busker for fullt. Arboretet er forresten ope frå onsdag til søndag – alle dagar frå kl 11:00 – 16:00!