Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
DNT- anbefaler topptur til Tydalsnebba

DNT- anbefaler topptur til Tydalsnebba

Jon Olav Ørsal Fredag 8. februar 2013

I årets første nummer av DNTs medlemsblad «Fjell og Vidde» har dei ein omtale av 5 anbefalte toppturar. Ein av disse er turen til Tydalsnebba (1274 m.o.h.), med start frå Kårvatn.  Dei skriov at turen tek 5 timar, og at toppturski er å anbefale på denne turen. Her er det 1060 meter nedkjøring, som blir krona med ei avslutning ned «norges beste li», med spredt, gamal furuskog og artik kupert terreng.  Du kan laste ned den omtalte sida som JPG her.

Av andre turar frå Kårvatn anbefaler «Fjell og Vidde» dei andre toppane i området: Snøfjellet (1130 m.o.h.), Skerdingfjellet (1465 m.o.h.) og ytre Sula (1318 m.o.h.).  Meir info om sjølvbetjeningshytta på Kårvatn og detaljert kart finn du på nettsida:  www.UT.no/kaarvatn.   Toppturski kan du handle på turen, for turen startar ved Kårvatn fjellustyrs butikk på Kårvatn.

Publisert: 8. februar 2013, 19:18