Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Djup tele hindrar ferdiggjering av nyvegen i Falla

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. februar 2018

Det er over halvmeteren med tele i vegbanen i Falla.  Dette hindrar arbeidet med å ferdigstille vegarbeidet forbi Kufalla. Men no er arbeidet såpass ferdig, at det er opna for trafikk etter nyvegen på kveld og helg, når det ikkje er arbeid på anleggsstaden.  men den trafikken går på eige ansvar, og med stor forsiktigheit.

Finpussen er i gang – når det blir mindre tele skal vegen senkast litt her. Foto: Jon Olav Ørsal

Det skal takast ut meir masse på toppen, slik at vegen blir senka litt i forhold til dagens situasjon. Elles pågår det no opprydding og rensking av vegkanten, der det skal leggast opp stein for å ta i mot eventuell masse og småstein som kan komme ned. – Etterpå må vi oppå kanten for å ta ned kanten litt og gjøre skråninga litt slakkare, seier Odd Arne Vatn som vi snakka med på anleggsstaden.

Heile prosjektet har tatt mykje lenger tid enn beregna, men så blir det også mykje betre resultat enn det som først var tiltenkt. Denne veka har tungtrafikken gått om nyvegen, og tysdag kom dyretransporten gjennom for å hente slaktedyr på Kårvatn, nærare tom månader forsinka.

Med stor forsiktigheit kan nyvegen no brukes på kveld og helg – men kjøringa foregår på eige ansvar! Omkjøringsvegen er framleis anbefalt å bruke. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. februar 2018, 13:13