Akkurat no er det full konsentrasjon i kaffekroken på Matkroken. 5 ivrige karar er opppmøtt til nok ein sjakk-kveld, men dei var litt forundra over at det var litt labert oppmøte. Fleira av dei faste var fraværande, slik at det var berre to parti på gang når todalen.no var innom så snarast. Dei trudde det kunne ha seg av litt for dårleg markedsføring, og oppfordra redaksjonen til litt meir omtale neste gong…

Eivind derimot var litt raskare på labben og hadde tid meir tid å gå på. Tormod var berre observatør på første runde og tok unna julebrøda som Terje serverte.
Neste runde vart avtala til søndag 26. oktober kl 19.30. Om oppmøtet blir betre da er usikkert, sidan 4H har sin tradisjonelle haustfest denne kvelden.