Onsdag arrangerte Senioruniversitetet for Indre Nordmøre møte på Surnadal Kulturhus med kåseri av språkforskar Tor Erik Jenstad. Tittelen på kåseriet var: «Din siste sort møkkjapåle!».Eivind Hasle ønskte folk velkomne og orienterte om Senioruniversitet. Einar Oterholm introduserte så kåsøren for dagen ved å lesa «Ordskiftet» av Leif Halse, og dermed var tema for dagen sett: Skjellsord for å karakterisere personar.
Tor Erik Jenstad hadde eit utømmeleg lager av skjellsord, mange kjende og ein del nye: sytkopp, latsekk, serpåsse, skravvelbøtt, gjønhause, villspik, jålstekk, farkstaur, hånstaur, fjastre, rotpork, stabekre, gælnfrans, skrommelgauk, skåprått og mange fleire! Vi fekk og høyre at oppi Hemne omtalar dei folk frå Valsøyfjord som «hegrar», og oppi Rindalen er folk frå Surnadal «ikkjedalingar». Tor Erik Jenstad krydra kåseriet sitt med gode historier, og folk i salen humra og kosa seg! Men litt alvor var det, og: Nemleg bekymring for at desse gamle skjellsorda døyr ut, og at språkbruken blir mindre fargerik og meir einsidig. I dag er det meste enten «dritbra», «dritkult» eller «dritdårleg». Tor Erik lærte også bort teknikkar for å lage nye skjellsord!
Tor Erik Jenstad er språkforskar, ordbokredaktør og musikar. Han har gjeve ut fire bøker om skjellsord: «Skjellsordboka», «Den store norske skjellsordboka», «Nye skjellsordboka» og «Din hånstaur». Han hevdar at skjellsord er av stor kulturhistorisk interesse, og at å ta vare på skjellsorda er kulturvern. Skjellsorda representerer også mykje god dialekt og språkglede! Alle dei godt og vel 60 oppmøtte hadde ei interessant og artig økt i regi av Senioruniversitetet!
Etter kåseriet vart det kaffelag, og neste møte i Senioruniversitet er i slutten av januar2015.