I dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa!
Det digitale pizzalotteriet tek altså til i dag, måndag 2. juni, og det er mogleg å kjøpe lodd fram til fredag 6. juni klokka 19:00. Trekninga er fredag klokka 20:00.
Økonomigruppa vil selge lodd på Matkroken Todalen tysdag 3. juni klokka 10:00 – 12:30 og fredag 6. juni klokka 10:00 – 13:30.
Så har ein lyst på pizza til pinsa, så er det berre å kjøpe lodd!