Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Digital SuSu:Arena 15. februar 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Tysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.

Dagen strekkjer seg frå klokka 09:00 – 14:05 og vil vere «fulldigital».

– Vi hadde håpet på å kunne gjennomføre et fysiskt SuSu:Arena 2022, men pga. koronasituasjonen og gjeldende retningslinjer, lar
det seg ikke gjennomføre. Da er det bra at vi har gode digitale muligheter, der vi kan legge tilrette for en digital arena. Dette blir en spennende måte å vise alle mulighetene denne regionen har å by på,
både når det gjelder utdanning og arbeidsplasser etter endt utdanning, heiter det i ei pressemelding frå SuSu-KOF. 

SuSu:Arena er ein felles karrieredag for Surnadal og Sunndal og eit årleg arrangement som inngår i SuSu-KOF. Nytt av året er at også Tingvoll er invitert til å delta. 

Hovudinnhald:
Dette er altså ein felles karrieredag for ungdomsskular, videregåande skuler og vaksenopplæringane. SuSu:Arena har vore gjennomført to gonger tidligare, men i 2021 kunne ikkje karrieredagen gjennomførast på grunn av koronasituasjonen. 

Gjennomføringen av karrieredagen blir delt mellom digitale stands og digitale presentasjonar. Dei digitale standane vil inneholde følgjande:

− Firmanavn, logo, presentasjonar, filmar og bilete av forskjelleg utstyr.
− Utdanningsval og yrker elevane bør rette seg inn mot, for å få jobb i bedriftene. Eller kva for linjer eller retningar utdanningsinstitusjonen eller opplæringskontora kan tilby.  
− Elevane kan ta kontakt på chat eller booke eigne avtalar om ønskeleg.

– Digitale presentasjoner:
− Digitale presentasjoner: Bedrifta/organisasjonen presenterer, som tidlegare, til forskjellege grupper, men digitalt, som
ved eit videomøte.

Hovudfokuset vil vere digitale stands og presentasjonar gjennom heile dagen. SuSu:Arena er også ein felles kulturarena og dei legg difor vekt på ulike digitale og kulturelle innslag igjennom dagen.

– Vi håper at så mange bedrifter, utdanningsinstitusjoner og opplæringskontor som mulig vil delta på digital SuSu:Arena tirsdag 15.februar, sier administrasjonen i SuSu KOF (kommunalt oppgavefellskap).

– Dette blir en fantastisk digital karriere- og rekrutteringsdag for elever, bedrifter og skoler, heiter det til slutt i pressemeldinga frå SuSu-KOF. 

Pressemeldinga frå SuSu-KOF: Pressemelding – Digital SuSuArena

SuSu-KOF-administrasjonen, f.v. Anne Gulla Hagen, Mette Sæter Ormset, Harald Bredesen, Karin Helen Halle og Kim Stian Bråstad. Foto: LediardFoto AS

Publisert: 18. januar 2022, 13:44