Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Digital registrering av positive hurtigtestar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. januar 2022
No kan du sjølv melde frå til Surnadal kommune om eventuelle positive hurtigtestar på nett. Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til slik registrering. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.

Du kan også registrere nærkontakter og merke av om desse har kjende risikofaktorar (helsepersonell, underliggande sjukdom, alder osb.). Dette gjer det enklare å prioritere ei eventuell smittesporing der dette er aktuelt. Du treng ikkje ringe for å varsle.

Informasjonen du oppgir er underlagt sikker databehandling og går kun til kommunens smittesporing. 

Klikk på lenka under for å melde frå om positive hurtigtestar:

MELD INN POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN

Dersom du ikkje er digital brukar eller manglar fødselsnummer til den det gjeld, kan du melde frå om positiv hurtigtestar til Surnadal kommun på telefon:

  • Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 eller til
  • Einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: Telefon 481 22 549

Ved positive hurtigtestar skal du følge reglane for isolasjon. Les meir om reglar for testing og karantene på kommunens heimesider eller på helsenorge.no

 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 26. januar 2022, 18:17