Frå 1.oktober blir dei tradisjonelle trimbøkene på dei 11 trimpostane til Todalen Idrettslag digitalisert. Det vil seie at frå da av kan ein laste ned ein app som heiter Trimpoeng for å registrere trimturane sine. På (Løfta på Kvennset, i Gunnøya og på Haukarsteinen) vil det like vel, ei tid framover, vere mogleg å registere seg på «gamlemåten», ved å skrive namnet sitt i trimboka. I staden for den tradisjonelle trimboka, vil det no ligge ei bruksanvisning som fortel deg korleis du lastar ned appen, registerer deg og sjølvsagt korleis du registrerer turen.
I tillegg til dagens 11 trimpostar, som og er med i Morotur-programmet, kjem det no 14 trimpostar til, slik at det totale talet på trimposter frå 1.oktober vil vere 25. Det er Trimgruppa i Todalen Idrettslag som står ansvarleg for dette arbeidet. Dei har fått god hjelp av Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe med å lage turomtale av alle trimpostane.
Todalen Idrettslag har kjøpt ein app som heiter turpoeng, ein app Rindal I.L. allereie har bruka ei stund. I Rindal blir appen bruka for å rekne poeng, der dei forskjellege turane har poeng etter lengde og tilgjengelegheit. Todalen Idrettslag vil berre bruken appen for å registrere besøk, der alle turane gjev eitt poeng uansett lengde og tilgjengelegheit. Dei ti personane med flest turar vil kome opp på ei topp 10-liste, så litt konkurranse kan det kanskje bli like vel? Men hovudmålet for idrettslaget, er å få folk ut å gå tur, og ikkje minst, å synleggjera alle dei fine turmåla vi har i bygda vår! På litt sikt er det og meininga at turane skal bli merka med skilt, slik at det blir lettare å finne turmåla, sjølv om ein ikkje er kjent i området, og da spesielt retta mot turistar og andre tilreisande.
For å finansiere dette prosjektet, som inkluderer kjøp av app-programmet Turpoeng og skilting, har idrettslaget fått økonomisk støtte frå Sparebank1 SMN, gjennom ordninga Samfunnsutbyttet, med kroner 15.000,- og kroner 10.000,- frå Talgø.
Da vi var innom søndag kveld, var Elinor Bolme, frå Trimgruppa og Ragnhild A. Moe i full gang med å få lagt inn turane, bilitet og turomtale.
Første helga vil det bli lanseringskaffe av den nye appen i Toåa tursti. Dette arrangementet vil bli nærare kunngjort når datoen nærmar seg!
Så da er det berre å ta til å gle seg til lanseringa av appen og dei 14 nye trimpostane!