Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Dette blir gøy!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. april 2024

Det lovar i alle fall Teatret Vårt, som laurdag 20. april klokka 19:00 kjem til Surnadal kulturhus med «Norsk sangbokEit humoristisk skråblikk på det å synge saman».  

Teatret Vårt ønsker velkomen til ein minneverdig kveld med både nostalgi og moderne tolkingar av høgdepunkta i Norsk songbok. Det ligg an til ein strålande konsert med songglede, musikk, humor og ein god dose galskap når det norske fellesskapet vert sett på prøve.

Teatret Vårt med forestillinga «Norsk sangbok». Foto: Tingh

 

Ei kreativ og entusiastisk songgruppe har laga eit kor, med visjon om samsong og samarbeid. Det ser ut til å vera eit harmonisk fellesskap. Idéen er god, dette kan vel umuleg gå gale? Korleis handterer dei situasjonen når nokre av medlemmane i koret startar å avvike frå planen?

Norsk songbok har gjennomgått stadige fornyingar. Med eit mangfald av songar som speglar det norske fellesskapet, presenterer Teatret Vårt eit variert utval frå tradisjonelle viser til moderne poplåtar. Her kan du synge med eller berre nynne til nye versjonar av kjende slagarar. Blant høgdepunkta kan vi nemne; Se ilden lyse, No livnar det i lundar, Det handler om å leve, Har en drøm om å komme hjem, Dei gamle fjell i syningom, Eg veit meg eit land, Mor eg vil tilbake og For vår jord. 

Teatret Vårt med forestillinga «Norsk sangbok». Foto: Tingh

 

Forskarar har bevist at vi får ein hormonell lykkedusj når vi syng, likevel syng vi no stadig sjeldnare i skulen, på sjukeheimar og under sosiale arrangement. Betyr det at sjølve fellesskapen syng på siste verset?

Med innkomsten av vår blir lufta fylt av kvitrande fuglar og vi kjenner på trongen til å synge høgt og fritt. Koret i Norsk songbok håpar at akkurat denne konserten kan vekke oss til liv – «No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid».

Billettar til «Norsk sangbok» 20. april klokka 19:00

Publisert: 13. april 2024, 08:18