I april gjorde SNO uttak av ein skadejerv i nærleiken av Todalen. No har dei fått analysert alle Dna-spor som er henta inn i form av skit, hår, vev etc og da viser det seg at dei har samla prøvar frå eit vidt område for denne jerven som har følgjande identitet i SNOs ruller: JI403047, Ind 3521. På kartet kan du sjå kvar dna-spora er registrert.

Den vaksne hannjerven (JI403047, Ind 3521) på 14,5 kg . Den vart felt like ved Todalen i Trollheimen 20. april 2015. Foto: Lars Olav Lund, SNO
JI403047, Ind 3521 var ein hannjerv på 14,5 kg og var sjølvaste «sjefen» blant jervane i Trollheimen. Den 20. april 2015 enda han sine dagar i nærleiken av Todalen i samband med uttak av skadejerv. No når alle prøvar er analysert røpar spora at han har bruka heile Trollheimen og deler av Sunndalsfjella som tumleplass.

Han har vore sjefen – JI403047, Ind 3521, har lagt att spor både i Sunndalsfjella og rundt omkring i heile Trollheimen. Kart: Lars Olav Lund, SNO
Kjerneområdet har nok vært Surnadals del av Trollheimen, men den har vært like ved Berkåk i Rennebu, Jøldalen-Resdalen i Meldal, sørlig del av Rindal og Surnadals del av Trollheimen. Jerven kom hit i 2012 frå Sunndalsfjella og har sia vore sjefen i Trollheimen, fortel Lars Olav Lund, som er oppsynsmann for Statens Naturoppsyn (SNO) i Trollheimen. Han fortel at dei kan sjå noko av aktivitetane som denne jerven har hatt etter funn av DNA på vinters tid. Denne jerven er registrert med 23 treff i perioden 2012-2015, og vart altså felt av SNO den 20.04.2015 etter vedtak om skadefelling.
Her kan du lese meir om arbeidet med innsamling av DNA på nettsida Rovdata