Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det stundar mot kommuneval

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var lokale kandidatar på Senterpartilista på valkampplass utafor Matkroken i Todalen. Frå Todalen stiller Ragnar Halle, Ragnhild A. Moe og Håvard Halset på Senterpartiets liste – i dag hadde dei med seg Nils Håvard Øyås på stand.

For Senterpartiet er det viktig at grendane er aktive og arbeider for lokale saker, og  i så måte har det vore gjort ein stor innsats i Todalen.  Skulesaka har engasjert mange den siste tida, og på lengre sikt er det og viktig at det blir tilrettelagt for bustadbygging både i Todalen og dei andre grendane i kommunen. Når det gjelder bustadtomter er nok Nordvik ein reell konkurrent til Todalen, og det haster med å få til nye og attraktive bustadtomter i Todalen.

Toril Redalen med Ingrid på armen, Ragnhild A. Moe, Nils Håvard Øyås, Ragnar Halle og Håvard Halset. Traktering med kaffe og bakels til alle som stakk innom Senterpartiets stand. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit viktig moment i arbeidet med å oppretthalde offentlege tenester i eit lokalsamfunn som Todalen er arbeidsplasser. – I Todalen er det i dag rundt 100 arbeidsplassar, der Talgøkonsernet står for det store fleirtalet. Det er difor ingen grunn til å bygge ned kommunale tenester i bygda, som gong etter gong har vist at ho er livskraftig.

Ei anna viktig sak i Todalen er status for Øyabrua som er stengt for tungtrafikk. Det er litt usikkert kvar denne saka står, men Senterpartiet vil ifølge programmet arbeide for at prosjektet blir realisert i perioden. 

Mange var innom Senterpartiet stand utfor Matkroken, der dei lokale kandidatane trakterte med kaffe og nystekte bakels med graut.

 

Publisert: 10. august 2019, 11:41