Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det store tuntreet vart for risikabelt

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2024

Onsdag måtte det store tuntreet i Austistua til pers.  Det vart for stort og risikabelt å ha like ved gardsbygninga, fortel Åsild Halle.  Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, motorsag med langt sverd og to mann – da måtte det store bøktreet som stod i gardstunet gi seg over.

Eit stort og staseleg tuntre – det vart litt for stort etter kvart. Arkivfoto Åshild Halle

Det store bøktreet var det Kåre Halle som hadde planta – han vaks opp i Austistua og planta bøktreet da han var ungdom for rundt 80 år sia. Sia har det vakse jamnt og trutt – heilt til det no vart for stort å ha til tuntre.

Per Gjeldnes gjer seg klar til å felle tuntreet, medan Arne Gjeldnes og Edvard Halle følgjer med. Foto Åshild Halle

Motorsag med langt sverd måtte til for å felle det store bøketreet. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. november 2024, 16:27