Jammen var det 4 gevinster og 4 vinnarar attafor luke nr 19 også! Dermed er det berre fem luker att før vi kan runde av trekninga av årets julekalender. I dagens trekning vart første gevinsten eit par heimestrikka utvottar trekt ut til Åshild Halle i Halagrenda.
2 gevinsten som ein boks med heimekoka smultringar – disse går til Todalsøra og den heldige vinnaren er Terje Nordvik.
Den tredje gevinsten er heimestrikka lue og hals – disse går over marka til Belan, der Rolf Paulsen bur.
Siste gevinsten i dag er ein pose med brente mandlar – disse vart trekt ut på Jon Olav Roaldset på Gimle i Halagrenda. Felles for alle vinnarane er at Trimgruppa i TIL tek kontakt med tanke på utlevering av gevinstane.