Måndag presenterte leiinga for SuSu-programmet veldig positive tal fra SSB-statistikken for Indre Nordmøre. I Sunndal og Surnadal samla er det ein auke på 156 nye arbeidsplassar for dei to kommunane, – ein auke på 2,4 % i perioden 2013 – 2016.
Per Helga Malvik og Ståle Refsti vil slett ikkje gje SuSu-programmet heile æra for dette, men dei ga klart uttrykk for at dei var godt nøgde med tala. – dette viser at Indre Nordmøre er på offensiven. Dei to fortel at følensen heile tida har vore god for SuSu-programmet, og disse rapportane bekreftar at det er gjort mykje bra. Tilsvarande tal for Kristiansund og Molde er slett ikkje noko triveleg lesnad, der over 1700 arbeidsplassar er borte i den same perioden. Det kan nok lett tilskrivast den reduserte oljeaktiviteten.
SuSu-programmet starta i 2013, og hadde som visjon å skape vekst på Indre Nordmøre. Det var dei to kommunane Sunndal og Surnadal i lag med fylket tok sats i lag med næringslivet i dei to kommunane no ser det altså ut som at dette arbeidet har gjeve resultat. Prosjektperioden varer ut 2017, og på tampen av året vil det bli avgjort om programmet skal vidareførast. Med det gode resultatet SuSu-programmet kan vise til, så er det nok naturleg at det blir ei vidareføring i ei eller anna form.
Den 1. april dreg Indre Nordmøre til Kristiansund for å feire, og vil nok bli lagt merke til heile dagen. Det startar med torgdag i gå-gata, og fortsett med fotball på stadion, der KBK og MFK møtes til første kamp i eliteserien. Ender torgdagen blir det mykje god mat å smake og kjøpe og mange utstillarar som vi vise seg fram. Etter fotballkampen er det Surnadalskultur på programmet i Braatthallen, der det kjører fullt program med «Hyllest til David Bowie» som avslutning på ein travel dag. Resultatet frå fotballkampen blir kanskje avgjerande for når denne festdagen tek sin ende?